DP Consult har inngått samarbeid med Astrofarm

 

IT-selskapa DP Consult og Astrofarm AS har inngått eit samarbeid. Som resultat av dette vil selskapa saman kunne tilby eit breidt spekter av tenester og produkt til sine kundar.

Astrofarm AS er eit selskap med hovudkontor i Asker, som tilbyr IT-tenester innan offshore og olje/gass. Astrofarm AS feirar 20 års jubileum i 2018, og har store kundar i si portefølje. Samarbeidet med DP Consult er ein del av Astrofarm AS si auka satsing inn mot det maritime miljøet på nordvestlandet.

 

Tenestane varierar i frå kontordrift, sikker kommunikasjon mot skip, online tenester, sikkerheit, programvare, nettverk og prosjektering ved nybygg/konverteringar. I tillegg er det etablert vaktordning på helpdesk, og support på fleire språk, som norsk, engelsk, polsk, nederlandsk og tysk.

 

Saman vil vi jobbe under Astrofarm sitt namn og målet er å tilby stabil, påliteleg og prisgunstige IT-tenester for å løyse dei tekniske utfordringane kundane har.

Les meir om kva Astrofarm tilbyr her: astrofarm.no